Rákkočearru (nordsamisk, norsk namneform (ikkje offisiell, men ofte brukt): Raggovidda) er ei fjellvidde i Berlevåg kommune i Finnmark. Ho ligg nord på Varangerhalvøya, mellom Storelvdalen og Veddalen i vest og Risfjorddalen i aust. I nord går vidda over i Løkvikdalsfjellet, medan ho i sør stoppar ved Langdalen. Rákkočearru har ei rekkje toppunkt. Det høgaste er Rákkočohkka heilt i sør, med 474 meter over havet.

Nord på Rákkočearru ligg Raggovidda vindpark, som vart sett i drift i 2014.

Kjelder Rákkočearru på Norgeskart.no fra Statens kartverk

Denne artikkelen bygger på «Rákkočearru» frå , den 26. desember 2019.

Kategori:Platå i Noreg Kategori:Fjell under 1000 meter Kategori:Fjell i Berlevåg