DS «Olav Kyrre» (kallesignal MJDS) var eit dampskip bygt i 1891 som lasteskip for Naaml. Vennootschap Mij. Noorwegen (D. Burger & Zoon) i Nederland. Reiarlaget hadde drive linjefart frå Rotterdam til Vestlandet sidan 1857.

I april 1907 vart reiarlaget kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og skipet vart omdøypt DS «Flora». Det gjekk i rute frå Bergen til Rotterdam, via Haugesund og Stavanger.

Historie BDS betalte 187 240 kr for skipet og det gjekk inn i Islandsruta til reiarlaget. I 1910 vart det utført hovudreparasjon på skipet med ny dampkjel, nye master, bommar og vinsjar, i tillegg til ny donkeykjel. Alt arbeidet vart utført ved Bergen Mekaniske Verksted.

I 6. juli 1917 vart skipet torpedert av den tyske ubåten «U 52» og kapteinløytnant Hans Walther, kring 12 kvartermil nordaust av Lamba Ness på Shetland på reise til Seydisfjordur til Bergen via Lerwick for kontroll med stykkgods og seksten passasjerar. Besetninga og passasjerane berga seg i livbåtane.

Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 818 bruttoregistertonn og 494 nettoregistertonn og lasteevna var 750 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 172 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Nederlandsche Stoomboot Mij i Rotterdam. Oppgjeven yting var 560 iHk (indikerte hestekrefter) og 124 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 11 knop.

Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab

Kjelder

Kategori:Norske dampskip Kategori:Nederlandske dampskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde i Nederland Kategori:Skip frå 1891 Kategori:Krigsforlis i 1917 Kategori:Forlis i Nordsjøen Kategori:Skip søkkte av tyske ubåtar