Tana bru, nordsamisk Deanu šaldi, er ein tettstad og administrasjonsenteret i Tana kommune i Finnmark fylke. Staden ligg på vestsida av Tanaelva og har namn etter sjølve brua over elva som er bygd der.

Den fyrst brua ved Tana bru stod ferdig i 1948, og var ei mjuk hengebru. Ei ny skråkabelbru vart landfast i 2019, og opna 15. september 2020. Brua er del av E6/E75. Riksvegane 98, 890 og 895 gjer saman med E6/E75 staden til eit viktig vegknutepunkt.

Historie

På kvelden 5. november eller tidleg den 6. november 1944 vart Tana-brua sprengd då den tyske militærmakta trekte seg attende frå Finnmark.Dag F. Simonsen. Hva skjedde i Tana høsten 1944?. snefjellet.no. Henta 9. oktober 2019

Indre Finnmark tingrett med tilhald i Tana bru vart skipa i 2004.

Kjelder

Kart frå SSB over tettstadgrenser i Finnmark.

Kategori:Geografi i Tana Kategori:Tettstader i Finnmark Kategori:Kommunesenter i Finnmark