Vestre Jakobselv (nordsamisk Ánnejohka, finsk Annijoki) er ein tettstad i Vadsø kommune i Finnmark. Det er vanleg å kalle staden berre Jakobselv i daglegtale. Staden ligg ved Varangerfjorden, ca 17 km vestom Vadsø by. E75 går gjennom staden. Lakselva Jakobselv renn ut i fjorden her. Staden har barne- og ungdomsskule, samfunnshus, symjehall, golfbane, fotballbane og ljosløype. Idrettslaget Polarstjernen held til i Vestre Jakobselv.

Folk frå Vestre Jakobselv Arne Pedersen (f. 1949), leiar i Norges Kystfiskarlag, sidan 2012Arne Pedersen ny leder. kystogfjord.no. Vitja 22. mai 2020

Kjelder Kart frå SSB over tettstadgrenser i Finnmark.

Kategori:Geografi i Vadsø Kategori:Tettstader i Finnmark