Shapeshifter er det niande studioalbumet gjeve ut under namnet Gong. Det kom ut i 1992 og er det første skikkelege albumet frå det Daevid Allen-leia Gong sidan You frå 1974. Det er det første albumet frå den originale gruppa utan det opphavlege medlemmet Gilli Smyth. Didier Malherbe og Allen er dei einaste som var att frå dei tidlegare albuma. Pip Pyle, som spelte på Continental Circus og Camembert Electrique var òg attende i bandet.

Med hovudkarakteren Zero the hero, held albumet fram Gong-mytologien, som var ein sentral del av Radio Gnome-trilogien på 70-talet,Shapeshifter at the Gong website www.planetgong.co.uk. Henta 16. november 2019. som bestod av Flying Teapot og Angels Egg i 1973 og You i 1974.

Utgjevingar I åra etter 1992 har et kome forskjellige utgåver av albumet med forskjellig nummerering av spora. På den originale plata har nettsida til Gong ført opp nummer 12: «Là Bas Là Bas» og nummer 13: «I Gotta Donkey» - desse finst ikkje på Lightyear-utgåva frå 1997. Denne utgåva har eit anna avslutningsspor kalla «Goddess Invocation Om Riff», som var eit konsertopptak frå Sankt Hans-aftan ved Ynys Witren i 1992.

Innhald

Medverkande Daevid Allen: gitar, vokal Graham Clark: fiolin, vokal Shyamal Maitra: Tablas, ghatam, djembé, darbuka, techno-perkusjon, programmering. Trommer på 13 Keith Bailey: bassgitar, vokal: 2, 9 Didier Malherbe: Bass, saksofon. WX7, klaverinstrument, hundar, pikkolofløyte, fløyter Pip Pyle: trommer, ti grøne flasker og skrik

Gjester

Charlelie Couture: vokal: 12 Tom the Poet: Instant radiodikt under den amerikanske turneen med Allen: 13 Loy Ehrlich: klaverinstrument: 8, Kora: 5 Mark Robson: klaverinstrument og vokal: 22

Andre medverkande på bonusspor Mike Howlett: Bass Peter Kimberley: vokal Steffi Sharpstrings: gitar Gilli Smyth: Kviskring frå verdsrommet, vokal, plystring Twink: Synthesizer

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Shapeshifter (Gong album)» frå , den 17. november 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1992 Kategori:Konseptalbum Kategori:Gong-album Kategori:Britiske postpunkalbum Kategori:Space rock-album Kategori:Celluloid Records-album Kategori:Lightyear Entertainment-album