Sørstranda i Oslo er eit friområde med badestrand på Ulvøya. Friområdet er privat, men det er tilgjengeleg for ålmenta. Området er eigt og vert halde ved like av Ulvøy Vel.
Området har kiosk, toalett, dusj og tilgjenge til drikkevatn. Det vert difor kravt ei mindre avgift for å koma inn på området i badesesongen.
Vaktbua ved inngangen til stranda stod tidlegare på Bekkelaget stasjon. Stasjonen vart nedlagd og erstatta med haldeplass ved den nye tunnelen i 1958. Ei av bygningane frå stasjonen vart kjøpt og flytt til Ulvøya i 1959, og innreidd som vaktbod på Sørstranda.
Bakgrunnsstoff Osloøyene på internett, om Sydstranda
Kategori:Badeplassar i Oslo