Gullhesten filmfestival i Taipei (kinesisk 台北金馬影展, pinyin Táiběi Jīnmǎ Yǐngzhǎn) er ein filmfestival og prisutdeling som blir halden årleg på Taiwan. Prisen blei grunnlagd i 1962 av Informasjonsdepartementet på Taiwan. Prisutdelinga føregår vanlegvis i november eller desember i Taipei, men seremonien har også føregått andre stader på øya.

Pristildelinga er Taiwan sitt svar på Oscar-prisen. Prisen kan gå til kinesiskspråklege filmar frå Taiwan, Hongkong, Folkerepublikken Kina eller andre stader. Han er ein av fire store kineiske filmprisar, saman med Hong Kong-filmprisen, Gullhaneprisen og Hundre blomar-prisen. Han er også ein av dei større årlege prisane delte ut på Taiwan, i lag med Gullklokke-prisen for fjernsynsproduksjonar og Gullmelodi-prisen for musikk.

Historie Gullhest-prisen blei skipa i mai 1962 gjennom den taiwanske loven 'Mandarin-filmprisreguleringa av 1962'. Namnet Gullhesten () kjem frå namna til dei taiwanske øyane Kinmen () og Matsu ().

Pristildelinga blei skipa for å støtta den kinesiskspråklege filmindustrien og anerkjenna framifrå kinesiskspråklege filmar og filmskaparar. Ho er også meint å presentera framifrå filmar til eit taiwansk publikum.

Sidan 1996 har filmar frå Folkerepublikken Kina vore tilletne i utdelinga. Slike filmar og filmskaparar har vunne fleire prisar, som Jiang Wen sin In the Heat of the Sun i 1996, Xia Yu som beste mannlege skodespelar i 1996, Joan Chen sin Xiu Xiu: The Sent Down Girl i 1999, Qin Hailu som beste kvinnelege skodespelar i 2001 og Lu Chuan for Kekexili: Mountain Patrol i 2004.

Rekordar

Hongkong-skodespelaren Tony Leung Chiu-wai har vunne flest prisar for beste mannlege skodespelar. Han vann denne prisen ved den 31., 40. og 41. tildelinga for roller i Chungking Express, Infernal Affairs og Lust, Caution. Hongkong-skodespelaren Maggie Cheung har vunne flest prisar for beste kvinnelege skodespelar. Ho vann denne prisen ved den 26., 28., 34. og 37. tildelinga for roller i Full Moon in New York, Center Stage, Comrades: Almost a Love Story og In the Mood for Love. Den taiwanske skodespealren Loretta Yang vann prisen for beste kvinnelege skodespelar ved den 21. og den 22. tildelinga. Ho var den fyrste som vann denne prisen i to år på rad. Hongkong-skodespelaren Jackie Chan vann prisen for beste mannlege skodespelar ved den 29. og 30. tildelinga. Han var den første som vann denne prisen i to år på rad. Den kinseiske regissøren og skodespelaren Joan Chen er den fyrste personen som har vunne prisar i to ulike kategoriar, beste regissør (i 1998 for Xiu Xiu: The Sent Down Girl) og beste kvinnelege skodespelar. I 2015 blei den taiwanske skodespelaren Karena Lam den fyrste personen til å vinna tre ulike skodespelarprisar: Beste kvinnelege skodespelar, beste kvinnelege birolle og beste nykomar.

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Golden Horse Film Festival and Awards» frå , den 14. november 2019.

Kategori:Prisar og utmerkingar skipa i 1962 Kategori:Filmprisar Kategori:Filmfestivalar Kategori:Taiwansk kultur Kategori:Kinesiskspråkleg film