Phillip «Pip» Pyle () var ein engelsk trommeslagar frå Sawbridgeworth i Hertfordshire, som seinare busette eg i Frankrike. Han er mest kjend som medlem i Canterbury scene-banda Gong, Hatfield and the North og National Health.[ Allmusic biography]
Biografi Pyle møtte Phil Miller, ein ven frå barnehagen, og broren hans Steve, og i lag skipa dei Bruno's Blues Band, som raskt utvikla seg til å bli Delivery. Men Pyle slutta i bandet i 1970 etter ein krangel med songaren Carol Grimes. Han spelte ei kort stund i bluesbandet Chicken Shack og gruppa til Steve Hillage, Khan.Biography at Calyx, the Canterbury music website
I 1971 spurte trommeslagaren Robert Wyatt om Pyle kunne spele i staden for han sjølv på eit spor på soloalbumet til Daevid Allen, Banana Moon. På grunn av dette vrt Pyle med Allen i gruppa Gong. Han spelte berre i bandet i åtte månader, men spelte både på Camembert Électrique og Continental Circus. Pyle vart erstatta av Laurie Allan, men gjekk attende til Gong i 1989.
I 1972 arbeidde Pyle med Paul Jones (som hadde sunge med Manfred Mann) og med den britiske songaren Bridget St John, før han vart med å skipe Hatfield and the North med Miller-brørne i 1972. Steve Miller vart etter kort tid erstatta i bandet og besetninga vart til slutt Pyle, Phil Miller, Richard Sinclair og klaverspelar Dave Stewart. Hatfield and the North kom ut i 1974, og eit andre album, The Rotters' Club, kom ut året etter. I tillegg til å spele trommer, skreiv Pyle mange av tekstane til bandet.
Etter Hatfield, slo Pyle seg saman med Miller og Stewart i National Health og spelte òg i andre prosjekt, som Soft Heap med Hugh Hopper, Elton Dean og Alan Gowen. Han spelte òg på Neil's Heavy Concept Album (1984), ein avleggjar av TV-serien The Young Ones der Stewart òg var involvert.
I 1984 møtte Pyle Sophia Domancich og dei to hadde eit forhold i mange år. Pyle starta sitt eige band, Pip Pyle's Equip'Out, i lag med Domancich. Equip'Out gav ut Equip'Out, Up! og Instants. Han gav ut eitt soloalbum, Seven Year Itch, i 1998. Pyle spelte òg i bandet til Miller, In Cahoots, frå 1982 til 2001.
Dei siste prosjekta hans var gruppa Bash! og ein samankomst med Hatfield and the North. Bash! gav ut konsertalbumet Belle Illusion (Cuneiform Records), men spelte fem konsertar i alt.
Han døydde i Paris 28. august 2006.
Solodiskografi 1986: L'Équipe Out (52e Rue Est) 1991: Equip' Out Up! (NTI Music 3 TMR 301) 1998: 7 Year Itch (Voiceprint VP198CD) 2004: Belle Illusion (Cuneiform Rune 193) (delvis spelt inn ved Progman Cometh) 2004: Instants (Hux 062)
Kronologi 1966 - 1971 Delivery 1971 - 1971 Gong 1972 - 1975 Hatfield and the North 1975 - 1976 The Weightwatchers (med Elton Dean og Keith Tippett) 1977 - 1983 National Health 1977 - 1988 Soft Heap 1980 - 1981 Rapid Eye Movement 1982 - 2002 In Cahoots 1984 - 1995 Pip Pyle's Equip'Out 1989 - 1996 Gong reformed 1991 - 1996 Short Wave 1998 - 2006 Absolute Zero 2002 - 2006 Pip Pyle's Bash! 2005 - 2006 Hatfield and the North
Filmar 2015: Romantic Warriors III: Canterbury Tales (DVD)
Kjelder
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Pip Pyle» frå , den 14. november 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Canterbury scene Kategori:Engelske rocketrommeslagarar Kategori:Chicken Shack-medlemmar Kategori:Delivery-medlemmar Kategori:Gong-medlemmar Kategori:Hatfield and the North-medlemmar Kategori:In Cahoots-medlemmar Kategori:Khan-medlemmar Kategori:National Health-medlemmar Kategori:Folk frå Sawbridgeworth