mini|Kart over Loyautéøyane Loyautéøyane (fransk Îles Loyauté, på norsk også Lojalitetsøyane) er ei øygruppe i Melanesia i Stillehavet som ligg nordaust for Ny-Caledonia. Dei dannar ein av dei tre provinsane som utgjer territoriet Ny-Caledonia. Øyane har eit samla areal på 1 981 km². Provinsen hadde i 2014 innbyggjarar.Population, ménages et logement par commune, Institut de la Statistique et des Etudes Economique (ISEE). Dei viktigste øyane i gruppa er Ouvéa, Maré og Lifou. I tillegg kjem dei mindre øyane Tiga, Mouli og Faiava.
Loyautéøyane utgjer ein del av økoregionen Ny-Caledonia-regnskogar. Det høgaste punktet er på Maré på 138 meter over havet.
Innbyggjarane på Loyautéøyene er av blanda melanesisk og polynesisk opphav. Øyane blei utforska i 1827 av Jules Dumont d'Urville. Frankrike tok kontroll over øygruppa i 1853 saman med Ny-Caledonia.«Un peu d'histoire» , Province des îles Loyauté.
Politikk og administrasjon Loyautéøyane er ein av tre provinsar i Ny-Caledonia. Provinsforsamlinga for Loyautéøyane har sete i Wé på Lifou.
Det er tre kommunar i provinsen: Lifou (Lifou og Tiga), Maré og Ouvéa.Chiffres clés des communes , Insee. Henta 22. juli 2014.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Loyautéøyene» frå , den 14. oktober 2019.
Bakgrunnsstoff La province des îles Loyauté (fransk)
Kategori:Melanesia Kategori:Ny-Caledonia Kategori:Øygrupper i Stillehavet