Bjarte Paul Tjøstheim ()Sagen, S., Sagen T. og Tjøstheim, B.P. Den relativt store boka om Radioresepsjonen, Aschehoug, Oslo. ISBN 9788203198168 er ein norsk radioprogramleiar, komikar og skodespelar, mest kjend frå radioprogrammet Radioresepsjonen. Han voks opp på Randaberg i Rogaland.

Bakgrunn Tjøstheim er fødd i Kristiansand, og budde fram til 1974 på Onøy i Nordland. Seinare flytta familien til Randaberg, like utanfor Stavanger. Han har alltid vore interessert i musikk, og fekk sin fyrste elektriske gitar som 12-åring. Tjøstheim kjem frå ein kristen familie, og faren hans er pensjonert prest.

Karriere Tjøstheim byrja radiokarrieren i Radio Vest som 17-åring. Sidan 2. januar 2006 har han, saman med dei to brørne Steinar og Tore Sagen vore programleiar i Radioresepsjonen på NRK P13 (tidlegare NRK P3). Hausten 2010 blei programmet flytta til TV under namnet Radioresepsjonen på TV, før dei gikk tilbake til radio 21. februar 2011.

Som skodespelar har han hatt roller i TV-seriane Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? og Julekongen og ein mindre rolle i TV-serien Lilyhammer. Våren 2013 og 2014 var han ein av syv komikarar i humorprogrammet Underholdningsavdelingen på NRK1. Han vann prisen som årets morosamaste (publikumsprisen) under Komiprisen 2014 og var i tillegg nominert i klassen årets mannlege TV-komikar. Tjøstheim blei den 11. september 2014 ramma av ein blodpropp, men han var tilbake i Radioresepsjonen 24. september 2014.TV2.no - «Bjarte Tjøstheim (47) avslørte blodpropp på direkten», 24. september 2014

TV og film

2005: Singelklubben – Bjarte 2006: Jul i Svingen – Servitør 2007: Switch – Lærer 2007: Torsdag kveld med Steinar Sagen – Bjarte 2008: Jubalong – Sjefen for fjernsynet 2010: Radioresepsjonen på TV 2011: Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? – Karsten 2012: Julekongen – Anton, Kevins far 2012: Lilyhammer – Teddy 2013: Underholdningsavdelingen 2014: Død snø 2 – Prest 2014: Doktor Proktors prompepulver – Politimann 2017: Presten – NRK1, Bjarte Tjøstheim spelar seg sjølv som prest 2019: Hellums kro

Radio

1984– ?? Radio Vest NRQ 1999–2003 Holger Nielsens Metode 2006– d.d. Radioresepsjonen

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bjarte Tjøstheim» frå , den 15. oktober 2019.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske komikarar Kategori:Folk frå Randaberg Kategori:Folk frå Kristiansand