Ola Isene () var ein norsk songar og skodespelar fødd i Rødenes i Østfold. Ole Steffensen Isene var far hans.

Isene var baryton og utdanna seg ved Musikkonservatoriet i Oslo, debuterte som operettesongar i 1923. På 1920-30-talet synte han stor givnad som skodespelar i fleire hovudroller i operaer. Han debuterte som skodespelar på Trøndelag Teater i 1937, arbeidde sidan på Det Nye Teater frå 1939, Nationaltheatret frå 1946 og Folketeatret frå 1952.

Isene spelte «ei rekkje gode roller av ymse slag, frå lystspel til tragedie, og har hatt serl. suksess med meir folkelege el. primitive typar». Isene deltok i fleire filmar, «ei av dei beste rollene hans var sjømannen i Englandsfarere».Norsk Allkunnebok. VI. bandet. 1955

Kjelder

Norsk Allkunnebok. VI. bandet. 1955

Kategori:Norske operasongarar Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Folk frå Marker