Svartkråke (Corvus corone) er ein fugl i kråkefamilien med utbreiing i Europa og sentrale til austlege Asia. Etter ramn er ho den største sporvefuglen i utbreiingsområdet. Taksonomi Autoritetar som BirdLife International og HBW Alive skildrar artstaksonet Corvus corone med utbreiing over heile Europa unntatt Island, og i tillegg gjennom eit breit belte tvers over Eurasia nord for Himalaya og sør til nordlegaste Kina og til stillehavskysten. HBW listar seks underartar: C. c. corone, C. c. cornix, C. c. sharpii, C. c. pallescens, C. c. capellanus og C. c. orientalis. Desse reknar den grå og svartfarga kråka som ein underart av svartkråke, Corvus corone. EBird/Clements Checklist, derimot, samlar dei seks taksona inn under to artar: Kråke (Corvus cornix) med underartane C. c. cornix, C. c. sharpii, C. c. pallescens, C. c. capellanus og Svartkråke (Corvus corone) med underartane C. c. corone og C. c. orientalis
Det som er skildra som svartkråke i denne artikkelen er etter denne sistnemnde inndelinga.
Svartkråke og kråke som artar hybridiserer i kontaktsona med avkom som ei mellomform.
Skildring
Fjørdrakta, nebbet og beina til svartkråke er beint fram svart. Unge fuglar kan ha innslag av svakt iriserande grøn eller lilla glans. Storleiken og kropsforma er mykje som hos kråke, rundt 44-51 centimeter i kroppslengd. Liknande artar som svartkråka kan forvekslast med i utbreiingsområdet er kornkråke og ramn. Unge kornkråker kan vere mykje lik svartkråke, men skiljast lett på nebbforma og profil. Vaksne kornkråker får gråkvit hud ved nebbrota. Ramnar er vesentleg større enn svartkråker.
Utbreiing mini|venstre|Kartskisse over Europa som indikerer fordelinga av svartkråker og kråker (hooded crow) på kvar side av ei kontaktsone (kvit linje) som skil dei to artane Underarten C. c. corone, Linné, 1758 Hekkar i store delar av vestlege Europa, men ikkje på Island, i Irland, Skandinavia unntatt Sør-Danmark og ikkje i nordvestlege Skottland. Austgrensa omtrent gjennom Tyskland, Tjekkia, Austerrike og Nord-Italia. Fuglane i det sentrale Europa har ein tendens til å trekke sørover vinterstid.
Underarten C. c. orientalis, Eversmann, 1841 Utbreiinga har eit austleg tyngdepunkt i Japan, men kan elles treffast spreidd i Asia omtrent frå Kasakhstan til Kina. Overvintringsområde finst blant anna i sørlege og søraustlege Kina og nordaustlege Iran.
Utbreiing i Noreg Svartkråka er ikkje rekna som ein hekkefugl i Noreg. Næraste faste hekkelokalitetar er Danmark og Skottland. Basert på registrerte einskilde observasjonar i «Artsobservasjoner» er svartkråke som streiffugl i framgang i landet med flest i Rogaland og Vest-Agder. Her har talet auka frå ca. 100 observasjonar i 2015 til ca. 750 i 2018.Periodisk variasjon i oppsamla observasjonar frå artsobservasjoner.no gjev ikkje naudsynlegvis eit presist bilete av bestandsutviklinga fordi innmelding av observasjonar kan variere, til dømes med varierande tal på observatørar. Einskildindivid har vore registrerte i alle fylke.
Kjelder
Madge, S. (2019) Carrion Crow (Corvus corone) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 12. oktober 2019 Referansar
Notar
Bakgrunnsstoff
kategori:kråkefamilien Kategori:Streiffuglar i Noreg