mini|Atrå stavkyrkje i 1833 Atrå stavkyrkje var ei einskipa stavkyrkje i bygda Atrå i Tinn kommune i Telemark. Kyrkja vart innvigd av Hamar-biskop Ragnar omkring 1180. I 1839 vart ho riven etter at den nye Atrå kyrkje (ei langkyrkje teikna av slottsarkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow) vart oppført i 1836. Fleire plankar med runeinskripsjonar frå Atrå stavkyrkje er tekne vare på og er i dag i Oldsaksamlinga på Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.
Portalen mini|Portal frå Atrå stavkyrkje Portalen er i nær slekt med portalen i Nore stavkyrkje og portalen i Ål stavkyrkje, og er no ved Universitetets oldsaksamling i Oslo. Portalen har eit mer provinsielt preg enn portalen fra Ål. Han er datert til perioden 1163 til 1189 på bakgrunn av ein veggtile som fortel at kyrkja vart innvigd av biskop Ragnar i Hamar.
Sjå òg Rivne stolpekyrkjer, stavkyrkjer og tilhøyrande utgravingar i Nord-Europa
Kjelder
Fotnotar
Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Kulturminne i Tinn Kategori:Kyrkjer i Tinn Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg