Anthony Ignisious Gaisah Essuman () er ein ghanesisk lengdehoppar som frå 2013 representerte Nederland. Han vann VM-sølv i øvinga i 2005, ein prestasjon han gjentok i 2013.

Aktiv Ghana Gaisah vart fjerdemann i lengdehopp ved verdsmeisterskapen 2003 i Paris med eit hopp på 8,13 meter. To månader seinare landa han på 8,30 m då han vann øvinga i afrikaleikane i Abuja. Der etter enda han på sjetteplass då han sette ghanesisk rekord med 8,24 m under Sommar-OL 2004.

Ved verdsmeisterskapen 2005 i Helsinki forbetra Gaisah den ghanesiske rekorden til 8,34 m og vann sølvmedaljen bak suverene Dwight Phillips frå USA. Gjennom året 2006 vann Gaisah lengdetevlinga både ved hall-VM i Moskva, samveldeleikane i Melbourne og i afrikameisterskapen på Mauritius. Den 14. juli 2006 presterte han 8,43 meter ved eit stemne i Roma, personbeste og ny landsrekord for Ghana.

Nederland I juli 2013 fekk Gaisah nederlandsk statsborgarskap. Ein månad etter kneip han sølvmedaljen under VM i Moskva med eit bestehopp på 8,29 m, høvesvis 2 og 3 centimeter lengre enn nummer 3 og 4 i tevlinga. Samstundes forbetra han den 25 år gamle nederlandske lengderekorden med 8 cm.

Trass i moderate 7,93 m fekk Gaisah bronsemedaljen i lengdehopp ved europameisterskapen 2016 i Amsterdam, grunna betre nestbestehopp enn Radek Juška frå Tsjekkia.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2003 i Paris: Nr 4 – 8,13 m OL 2004 i Aten: Nr 6 – 8,24 m VM 2005 i Helsinki: Sølvmedalje – 8,34 m, bakom Dwight Phillips (8,60 m) VM 2011 i Daegu: Utslått i kvalifiseringa (7,92 m=nr 17) OL 2012 i London: Utslått i kvalifiseringa (7,79 m=nr 18) VM 2013 i Moskva: Sølvmedalje – 8,29 m, bakom Aleksandr Menkov (8,56 m) EM 2014 i Zürich: Nr 6 – 8,08 m VM 2015 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa (7,77 m=nr 22) EM 2016 i Amsterdam: Bronsemedalje – 7,93 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ignisious Gaisah» frå , den 18. september 2019.

World Athletics

Kategori:Ghanesiske idrettsutøvarar Kategori:Nederlandske friidrettsutøvarar Kategori:Lengdehopparar Kategori:Ghanesiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Ghanesiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Folk frå Kumasi