Omnparula (Seiurus aurocapilla) er ein liten sporvefugl i parulafamilien, Parulidae. Denne trekkfuglen hekkar i det sentrale og austlege Nord-Amerika og overvintrar i Mellom-Amerika, på mange karibiske øyar og i staten Florida.

Skildring Denne arten har storleik typisk for parulaer, 14-16,5 centimeter i lengd og vekt på 15,5-26 gram. Han har ein karakteristisk oransje midtstripe frå nebb til nakke, omkrinsa av smalare svarte striper. Elles er hovudet og heile oversida olivenbrun. Undersida er kvit med svarte strek i brystet og på flankane. Kjønna er like.

Omnparulaer søker føde på bakken inne i skogshabitat. Her tar dei hovudsakleg insekt, men òg anna smådyr. Under trekket og i vinterkvarteret kan dei beite på vegetabilsk føde som bær og frø.

Hekkeutbreiinga er vid, frå sørlege Nordvestterritoria og nordaustre British Columbia over til Newfoundland. Sørover i USA berre aust for Rocky Mountains. Sørgrensa i sentrale USA er omtrent rett nord for statane Colorado og Kansas. I aust hekkar dei i nordlegaste Georgia og Sør-Carolina og nordover. Reiret har gjeve namn til arten, det er ein samansett, overbygd konstruksjon på bakken voven saman av gras, daude blad og mose. Brunhovudtrupial er ein vanleg reirparasitt.

Dette er ein sterk trekkfugl som vinterstid lever frå sørlege Mexico og sørover gjennom det meste av Mellom-Amerika. Dei overvintrar òg i Florida og i Karibia. Meir sporadisk trekker nokre fuglar over til nordaustlege Colombia og nordvestlege Venezuela.

Storleiken på populasjonen er ikkje estimert. Han var stabil gjennom dei siste 40 åra fram til år 2007. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.

Spontant i Noreg Eit individ av arten er registrert på Karmøya i oktober 2003.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ovenbird» frå , den 9. september 2019.

Referansar

Bakgrunnsstoff

kategori:parulafamilien kategori:amerikanske sporvefuglar i Noreg