«Road Runner» er ein 12-taktsblues framført av den amerikanske rock and roll-artisten Bo Diddley. Han vart opphavleg gjeven ut på singel av Checker Records i januar 1960 og seinare på albumet Bo Diddley in the Spotlight. Songen nådde 20. plassen på Billboard Hot R&B Sides-lista, og 75. plassen på Hot 100. Songen har sidan blitt spelt av mange andre artistar.
Beep-beep-refreenget er ein klår referanse til den teiknefilmkarakteren Roadrunner, eller Bippe Stankelbein.
Andre versjonar Det amerikanske garasjebandet The Gants gav ut «Road Runner» på singel i 1965 og nådde 46. plassen på Billboard Hot 100, den einaste singelen deira på lista.
Det kanadiske rockebandet The Count Victors gav ut ein versjon av songen i 1963https://www.durhamregion.com/whatson-story/3456808-the-count-victors-peterborough-s-first-national-rock-band/, Coral 62356.
Mange artistar i den britiske bølgja spelte inn «Road Runner»: «Road Runner» (òg «Diddley Daddy») vart spelt av The Rolling Stones på ei av dei første innspelingane deira i IBC Studios i London den 11. mars 1963. I 1963 gav Wayne Fontana & The Mindbenders ut sin versjon av «Road Runner» som B-side til «Hello Josephine». I mars 1965 gav The Pretty Things ut songen på debutplata si. Versjonen deira kom òg ut på singel og nådde 11. plassen på Den nederlandske singellista. Òg i mars 1965 gav The Zombies ut ein versjon på debutalbumet Begin Here. I mai 1965 gav The Animals ut songen på den andre britiske utgjevinga deira, Animal Tracks. I juni 1979 vart ein medley av «Road Runner», «Join Together» og «My Generation Blues» gjeve ut av The Who for filmmusikken til The Kids Are Alright. Songen vart spelt inn i desember 1975 i Pontiac Silverdome. The Beatles spelte delar av songen på konsertane sine og eit opptak finst på Live! at the Star-Club in Hamburg, Germany; 1962. The Clash spelte songen under lydsjekkane sine til London Calling-turneen, der Bo Diddely stod øvst på plakaten. Det finske rockebandet Boycott gav ut ein versjon av songen i 1987 på samlinga Hotrocks.
Fleire ikkje-britiske artistar har òg spelt inn songen, som Aerosmith på Honkin' on Bobo, Hurriganes på albumet Roadrunner og Microwave Dave & The Nukes på albumet deira Goodnight, Dear.
Songen vart spelt inn som ein del av filmmusikkalbumet Backbeat av ei supergruppe som bestod av Dave Grohl, Dave Pirner, Thurston Moore, Mike Mills, Greg Dulli og Don Fleming.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Road Runner (Bo Diddley song)» frå , den 9. september 2019. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Singlar frå 1960 Kategori:Singlar frå 1963 Kategori:Songar frå 1960 Kategori:Checker Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Bo Diddley Kategori:Aerosmith-songar Kategori:Bo Diddley-songar Kategori:Sex Pistols-songar Kategori:The Animals-songar Kategori:The Pretty Things-songar Kategori:The Zombies-songar Kategori:Johnny Winter-songar Kategori:Rolling Stones-songar Kategori:The Beatles-songar Kategori:The Who-songar