Jacob eller Jakob (òg Jaakko) Fellman () var ein finlandsk prest og naturforskar. Han var far til Isak Fellman.
Fellman var sokneprest først i Utsjoki 1819–32 og deretter i Lappajärvi. Han preika og skreiv på samisk og var den første som i skrift nytta kemisamisk, det samiske språket som vart prata i den sørlege delen av finsk Lappland. Han hadde stor vitskapleg interesse for Lappland, noko framfor alt verket hans Anteckningar under min vistelse i Lappmarken (4 delar, Helsingfors 1906) vitnar om. Fellman skreiv om den samiske mytologien og utgav ei ordbok i 1829, etter at han vitja byarna Kuolajärvi og Sompio.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jakob Fellman» frå , den 23. august 2019.
Kategori:Finske forfattarar Kategori:Samiskspråklege forfattarar Kategori:Finske prestar Kategori:Folk frå Rovaniemi Kategori:Svenskspråklege forfattarar Kategori:Kemisamisk språk Kategori:Personar innafor samisk språkforsking