Hagen Melzer () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Bautzen i dåverande Aust-Tyskland. Han vart europameister 1986 i 3 000 meter hinder, året etter vann han sølvmedaljen i same øvinga i verdsmeisterskapen.
Aktiv Melzer gjorde det kunststykket å få nøyaktig same tid i hinderløpet under EM 1982 og VM 1983, tida 8.21,33 gav fjerdeplass i EM og ellevteplass i VM. I den neste europameisterskapen, i Stuttgart i 1986, vann han spurten mot italienske Francesco Panetta og vesttyske Patriz Ilg. Året etter sprang Melzer i VM-finalen i Roma sitt beste hinderløp nokon gong og sette nasjonal rekord med tida 8.10,3, han var likevel sjanselaus mot nemnde Panetta, som tok gull og Melzer sølv.
Melzer vart austtysk meister i 3 000 meter hinder i 1980, 1983 og 1985-89. I 1991 vart han tysk meister i øvinga.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1982 i Aten: Nr 4 – 8.21,3 VM 1983 i Helsinki: Nr 11 – 8.21,3 EM 1986 i Stuttgart: Gullmedalje – 8.16,6, framom Francesco Panetta (8.16,8) VM 1987 i Roma: Sølvmedalje – 8.10,3, bakom Francesco Panetta (8.08,5) OL 1988 i Seoul: Nr 10 – 8.19,8 EM 1990 i Split: Nr 7 – 8.22,4
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hagen Melzer» frå , den 24. august 2019.
World Athletics
Kategori:Tyske hinderløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Aust-Tyskland Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992