Kezie Uchechukwu Duru Akabusi, kjend som Kriss Akabusi, () er ein britisk sprint- og hekkeløpar. Han vart europameister i 400 meter hekk i 1990 og vann VM-gull i 4 x 400 m stafett med Storbritannia i 1991.
Aktiv Akabusi var med i dei britiske mannskapa i 4 × 400 meter stafett som vann sølv under Sommar-OL 1984, gull i europameisterskapen 1986 og sølv i verdsmeisterskapen 1987. Gjennom andre halvdelen av 1980-åra hadde han stor framgang i 400 meter hekk og deltok i finalen både i VM 1987 og Sommar-OL 1988.
Med tida 47,92 sekundar og ny britisk rekord på langhekken vann Akabusi i 1990 EM-finalen i Split, der han også vann gull i 4 x 400 m stafett. Året etter tok han bronsemedaljen i 400 m hekk under VM 1991, før han som ankermann sprang Storbritannia inn til siger i 4 x 400 m stafett på tida 2.57,53, framfor nasetippen på USA, dei andre på det britiske meisterlaget var Roger Black, Derek Redmond og John Regis. Under dei olympiske sommarleikane i Barcelona i 1992 fylgde Akabusi opp med 47,82 og ein ny bronsemedalje og nasjonalrekord i 400 m hekk, leikar der han òg fekk bronse i 4 × 400 m stafett.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1984 i Los Angeles: Sølv i 4 x 400 m stafett (2.59,13) EM 1986 i Stuttgart: Gull i 4 x 400 m stafett (2.59,84) VM 1987 i Roma: Nr 7 i 400 m hekk – 48,74. Sølv i 4 x 400 m stafett (2.58,86) OL 1988 i Seoul: Nr 6 – 48,69 EM 1990 i Split: Gullmedalje i 400 m hekk – 47,92, framom Sven Nylander (48,43). Gull i 4 x 400 m stafett (2.58,22) VM 1991 i Tokyo: Bronsemedalje i 400 m hekk – 47,86. Gull i 4 x 400 m stafett (2.57,53), framom USA (2.57,57) OL 1992 i Barcelona: Bronsemedalje i 400 m hekk – 47,82. Bronse i 4 x 400 m stafett (2.59,73)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kriss Akabusi» frå , den 20. august 2019.
World Athletics
Kategori:Britiske sprintarar Kategori:Britiske hekkeløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Europameistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1984 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992