Jimmy Campbell () var ein engelsk musikar og låtskrivar frå Liverpool i England.«JIMMY CAMPBELL ; Writer of psykedelisk classics» The Independent (London); 14. februar 2007; Spencer Leigh; s. 37 Han var medlem av Merseybeat-gruppene The Kirkbys, The 23rd Turnoff og Rockin' Horse, i tillegg til at han gav ut tre soloalbum.

Karriere Campbell byrja med musikk på skulen og skipa bandet The Panthers. Dei varma opp for The Beatles i januar 1962. Bandet spelte på The Cavern fleire gonger og ein av konsertane deira vart sende på Radio Luxembourg, då dei vart introduserte som The Kirkbys av Bob Wooler, som var programleiar for showet, 'Sunday Night at the Cavern'. Wooler meinte at å byte namn til heimbyen deira ville skaffe dei fleire fans. Namnet vart hengande ved og gruppa gav ut ein singel, «It's A Crime», i 1966, mot slutten av Merseybeat-perioden.

Campbell gjekk vidare til deet gryande psykedeliske miljøet og gav bandet namnet The 23rd Turnoff. Namnet vart henta frå ein avkjørsel på motorvegen M6 nær Liverpool. Her fann han at røtene i Liverpool vart ein bakdel for han, sidan miljøet etablerte seg sjølv i London.«The quality of mersey unrestrained» The Times (London); 12. august 2003; Bob Stanley; s. 16 Bob Stanley i The Times skildra Campbell som «den tapte låtskrivaren frå denne tida», og han skreiv fleire songar for andre artistar. Cliff Richard, Billy Fury, The Swinging Blue Jeans og Rolf Harris har alle spelt songar av Campbell.«OBITUARY: Jimmy Campbell» Liverpool Daily Post (Liverpool); 15. februar 2007; p. 11 Sjølv om Campbell ikkje vart kjend i 1960- og 1970-åra, vart musikken hans seinare høgt akta. Will Sergant kalla Campbell-singelen «Michael Angelo», spelt inn med 23rd Turnoff, blant dei ti beste psykedeliske songane.«ROCK & POP: THE TEN BEST PSYCHEDELIC BRITISH SONGS» The Independent (London); 2. juli 2004; WILL `SGT FUZZ' SERGEANT; p. 18 The Guardian inkluderte samlealbumet The Dream of Michelangelo på lista si over tusen album du må høyre før du døyr i 2004.«1000 Albums to Hear Before You Die:» The Guardian (London); 22. november 2007; p. 3

Diskografi Med The Kirkbys Singlar «'Cos My Baby's Gone» / «She'll Get No Lovin' That Way» (1965) «Don't You Want Me No More» / «Bless You» (1965) «It's A Crime» / «I've Never Been So Much in Love» (1966)

Med The 23rd Turnoff Singlar «Michael Angelo» / «Leave Me Here» (1967)

Som Jimmy Campbell Singlar «On a Monday» / «Dear Marge» (1969) «Lyanna» / «Frankie Joe» (1970) «Don't Leave Me Now» / «So Lonely Without You» (1970)

Album Son of Anastasia (1969 / LP / Fontana STL 5508) Half Baked (1970 / LP / Vertigo 6360 010) Jimmy Campbell's Album (1972 / LP / Philips 6308 100)

Med Rockin' Horse Singlar «Biggest Gossip in Town» / «You Say» (1971) «Stayed Out Late Last Night» / «Julian The Hooligan» (1971)

Album Yes It Is (1971 / LP / Philips 6308 075)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jimmy Campbell» frå , den 20. august 2019. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Engelske songarar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Musikarar frå Liverpool