Marc Gabriel Degryse () er ein tidlegare belgisk fotballspelar frå Roeselare. Han spelte som midtbanespelar for det belgiske herrelandslaget og for fleire europeiske klubbar. På klubbnivå representerte han Club Brugge, RSC Anderlecht, Sheffield Wednesday, PSV Eindhoven, KAA Gent og Germinal Beerschot. For Belgia spelte han totalt 63 landskampar og skåra 23 mål, og dessutan representerte han landet i VM i 1990 og i VM i 1994. Degryse blei kåra til årets spelar i Belgia i 1988, 1990, 1995 og i 2000. Merittar Belgisk seriemeister: med Anderlecht i 1986 Belgisk cupmeister: med Anderlecht i 1987 Belgisk seriemeister: med Club Brugge i 1990, 1992, 1993 og 1995 Belgisk cupmeister: med Club Brugge i 1994 Nederlandsk seriemeister: med PSV Eindhoven i 1997

Kategori:Belgiske fotballspelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994 Kategori:Club Brugge-spelarar Kategori:Anderlecht-spelarar Kategori:Sheffield Wednesday-spelarar Kategori:PSV-spelarar Kategori:Gent-spelarar