Organisasjonsnummer er i Noreg eit ni-sifra registreringsnummer som blir tildelt av Einingsregisteret ved Brønnøysundregistra for ein organisasjon (føretak, idrettslag og liknande). Nummeret blir brukt for å gje organisasjonen og juridiske personar ein unik og eintydig identifikator når det gjeld offentlige styresmakter og andre organisasjonar.
Organisasjonsnummeret skal opplysast om når ein til dømes opprettar ein bankkonto, på salsfakturaer, førespurnader til offentlege styresmakter og økonomiske oppgåver som skal leverast på vegner av organisasjonen.
Det niande sifferet i organisasjonsnummeret er eit kontrollsiffer. Det vil seie at sifferet er tildelt etter ein formel slik at det maskinelt kan reknast ut at det er i samsvar med dei første åtte siffera, for å unngå feilskriving.
Kjelder
Kategori:Norsk næringsliv Kategori:Brønnøysundregistera