Edgar Steven Davids betre kjent som Edgar Davids () er ein tidlegare nederlandsk fotballspelar frå Paramaribo. Han spelte 74 landskampar for Nederland og skåra seks gonger. Han spelte for Ajax, Milan, Juventus, Barcelona, Inter og Tottenham. Han spelte i EM i 1996, VM i 1998, EM i 2000 og EM i 2004. Med Ajax vann han Meisterligaen i 1995 og intercontinentalcupen i 1995 samt den nederlandske cupen i 1996 og i 2007 og han vart også seriemeister i 1994, 1995 og i 1996. Med Juventus vart han seriemeister i 1998, 2002 og 2003.

Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1996 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2000 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2004 Kategori:Einskildmenn Kategori:Ajax-spelarar Kategori:Milan-spelarar Kategori:Juventus-spelarar Kategori:Barcelona-spelarar Kategori:Tottenham-spelarar Kategori:Inter-spelarar Kategori:Folk frå Paramaribo