Vincenzo Daniele Scifo, betre kjend som Enzo Scifo, () er ein tidlegare belgisk fotballspelar og noverandre fotballtrenar frå La Louvière. I ungdommen blei han betrakta av mange som ein av Belgias største talentar.
Foreldrene kom frå Italia. I 1980 då han var 14 år gjekk han til den belgiske storklubben RSC Anderlecht, hvor han debuterte på seniorlaget i 1983. I 1984 fekk han sin debut på det belgiske landslaget, mot dåverande Jugoslavia. I 1986 blei han teken ut til den belgiske VM-troppen som drog til sluttspelet i VM i Mexico, der han skåra eit mål i gruppespelet.
I 1987 gjekk han til italienske Inter, men utan vidare suksess. To år seinare gjekk han til den franske klubben Bordeaux. I 1990 spelte han VM i Italia, og blei ansett for å væra ein av turneringens beste spelarar. I 1991 vende han tilbake til Italia og Torino, der han blei i to år, inntil han flytta tilbake til Frankrike. I 1997 var han tilbake i Anderlecht, klubben han hadde forlatt 10 år tidlegare. Han la opp i 2000, og har i seinare tid trent Charleroi, Tubize og Mouscron.
I tillegg til dei øvenemnde VM-sluttspela deltok han òg i USA 1994 og i Frankrike 1998. Totalt spelte han 84 landskampar og skåra 18 mål. Merittar Belgisk seriemeister: 1985, 1986, 1987 og 2000 med RSC Anderlecht Fransk seriemeister: 1997 med AS Monaco Italiensk cupmeister: 1993 med Torino FC 84 landskampar for Belgia og 18 mål mellom 1984 og 1998. 4 VM og 1 EM-sluttspel
Kategori:Belgiske fotballspelarar Kategori:Belgiske fotballtrenarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1984 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1986 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Anderlecht-spelarar Kategori:Inter-spelarar Kategori:Bordeaux-spelarar Kategori:Auxerre-spelarar Kategori:Torino-spelarar Kategori:Monaco-spelarar Kategori:Royal Charleroi-spelarar