Torlaug Løkensgard Hoel () er ein norsk professor emeritus i skriving, pedagogikk og norsk didaktikk ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet NTNU.

Ho vart cand.mag. ved Universitetet i Oslo i 1966 og cand.philol. same staden i 1973 med hovudoppgåva Draumen om frigjering: eit hovudtema i Hans Børlis lyrikk i nordisk. I 1995 vart Hoel dr. art. ved Universitetet i Trondheim på avhandlinga Elevsamtalar om skriving. Responsgrupper i teori og praksis.

Hoel arbeidde som adjunkt ved Gerhard Schønings vidaregåande skule frå 1967 og seinare som lektor. Ho var amanuensis/førsteamanuensis ved Pedagogisk seminar, Universitetet i Trondheim (i dag Program for lærarutdanning, NTNU) frå 1980, og professor frå 1999. Frå 2002 til 2005 var ho prodekan ved Fakultet for samfunnsvitskap og teknologileiing. Torlaug Løkensgard Hoel er medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.

I 2012 fekk Torlaug Løkensgard Hoel og Sissel Lie NTNUs likestillingspris for innsatsen sin gjennom fleire år, der dei har halde fleire opprykkurs for kvinnelege forskarar i førsteamanuensisstillingar, vore mentorer i NTNU sine mentorprogram og halde skrivekurs for kvinnelege stipendiatar.

Bibliografi

Utvalde bøker

1990 Skrivepedagogikk på norsk. Prosessorientert skriving i teori og praksis. Cappelen ISBN 978-82-021-2391-8 2000 Skrive for å lære, med Olga Dysthe og Frøydis Hertzberg. Abstrakt forlag. ISBN 978-82-7935-293-8 2008 Skriving ved universitet og høgskolar. Universitetsforlaget ISBN 978-82-150-1339-8 2008 Det store spranget: ny som lærer i skole og barnehage, med Brit Hanssen, Rachel Jakhelln og Sissel Østrem. Tapir akademisk forlag. ISBN 978-82-519-2282-1

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Torlaug Løkensgard Hoel» frå , den 21. juli 2019.

Bakgrunnsstoff

Miniportrettet: Torlaug Løkensgard Hoel Hoels profilside, NTNU

Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:Professorar ved NTNU