Shoot Out at the Fantasy Factory er det sjette studioalbumet til det engelske rockebandet Traffic, gjeve ut i 1973. Det var ein oppfølgjar til The Low Spark of High Heeled Boys og inneheldt fem songar. Shoot Out fekk ikkje like bra kritikk som føregangaren, men nådde sjetteplassen på Billboard Pop Albums-lista, ein plass høgare enn Low Spark i 1972. Som føregangaren var det originale plateomslaget slik at to av hjørna var avskorne.

Albumet vart spelt inn med fire medlemmar av Muscle Shoals Rhythm Section (David Hood, Roger Hawkins, Barry Beckett og Jimmy Johnson). Hood og Hawkins var oppførte som medlemmar av Traffic. Desse to pluss Beckett vart med bandet på turné og spelte på konsertalbumet On the Road.

Mottaking

Rolling Stone var litt lunken og skreiv at dei fleste songane var for avbalanserte og uniforme i struktur og tone, men at «Evening Blue» og «(Sometimes I Feel So) Uninspired» var høgdepunkt. Dei oppsummerte at albumet «omfattar både dei inkonsistente faktorane som plaga bandet, i tillegg til høgdepunkta som heldt dei gåande.»Romasco, John. (15. mars 1973). Album review, Rolling Stone.

AllMusic meinte at komposisjonane og framføringane jamt over var svake og at albumet var «kompetent, men likeglad i den kjende stilen deira», medan Village Voice-kritikaren Robert Christgau berre skreiv ei enkel setning «Kan gjevast bort: '(Sometimes I Feel So) Uninspired'.»

Innhald

Medverkande Traffic Steve Winwood – solo- og korvokal, gitar, piano, orgel Chris Wood – saksofon, fløyte Jim Capaldi – perkusjon, korvokal (spor 2) David Hood – bass Roger Hawkins – trommer Rebop Kwaku Baah – perkusjon

Andre medverkande Barry Beckett – klaverinstrument (spor 4) Jimmy Johnson – klarinett (spor 4)

Teknisk Jerry Masters, Steve Melton – lydteknikar Tony Wright – illustrasjonar Tommy Wright – fotografi

Salslister Album ÅrListePlassering1973Billboard 2006

Salstrofé OrganisasjonNivåDatoRIAA – USAGull3. mars 1973

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Shoot Out at the Fantasy Factory» frå , den 21. juli 2019. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Shoot Out at the Fantasy Factory (1973) album releases & credits at Discogs.com Traffic – Shoot Out at the Fantasy Factory (1973) album user reviews & credits at ProgArchives.com Shoot Out at the Fantasy Factory (1973) album review by William Ruhlmann, credits, releases and Billboard charts at AllMusic.com

Kategori:Traffic-album Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Island Records-album Kategori:Album produserte av Steve Winwood