Pikmin 3 er eit strategispel utvikla og utgjeve av Nintendo. Spelet er etterfølgjaren til Pikmin 2 frå 2004 og det tredje spelet i Pikmin-serien. Det vart opphavleg utgjeve i 2013 til Wii U, byggjer vidare på spelemekanikkane som vart introduserte i tidlegare Pikmin-spel og legg til nye funksjonar, mellom anna nye spelefigurar, nye typar pikmin og nedlastbart innhald. Ei utvida utgåve av spelet, Pikmin 3 Deluxe, kjem ut til Nintendo Switch den 30. oktober 2020.

I kampanjemodusen i Pikmin 3 styrer spelaren dei tre romvesena Alph, Brittany og Charlie, som skal utforske planeten «PNF-404» for å finne frø som kan kultiverast for å redde folket på heimplaneten deira, Koppai, frå ein hungersnaud. Dei treffer på og allierer seg med pikmin, som hjelper dei i utforskinga av planeten.

Kjelder

Kategori:Dataspel frå 2013 Kategori:Nintendo Switch-spel Kategori:Strategidataspel Kategori:Wii U-spel