Little Inferno er eit hjernetrimspel utvikla og utgjeve av Tomorrow Corporation. Spelet kom først ut på Wii U i november 2012, og seinare til Microsoft Windows, OS X, Linux, Android, iOS og Nintendo Switch.
Little Inferno går føre seg framanfor ein eldstad, der spelaren kan sette fyr på ulike ting, som leiker, dokker og elektronikk. Spelet oppmodar spelaren til å brenne ulike kombinasjonar av tinga for å sjå korleis dei reagerer når dei tek fyr, ettersom dei fleste tinga har unike eigenskapar. Little Inferno var designa som ein satire over liknande dataspel, der spelaren bruker mykje tid på å gjere einsformige handlingar.
Kjelder
Kategori:Dataspel frå 2012 Kategori:Hjernetrimspel Kategori:Linux-spel Kategori:Macintosh-spel Kategori:Nintendo Switch-spel Kategori:Wii U-spel Kategori:Windows-spel