Laura Fogli () er ein italiensk tidlegare langdistanseløpar frå Comacchio som internasjonalt tevla i maratonløping. Ho vann EM-sølv i 1982, ein prestasjon ho gjentok i 1986.
Aktiv Fogli sprang inn til sølvmedalje under europameisterskapen 1982 i Aten, 25 sekundar etter gullvinnar Rosa Mota frå Portugal og 10 sekundar føre bronsevinnar Ingrid Kristiansen frå Noreg. Løpet var det aller fyrste på distansen for kvinner i ein av dei store meisterskapen. Fire år seinare kopierte Fogli medaljefangsten ved EM i Stuttgart, atter må ho seg slått av Rosa Mota.
Under dei olympiske sommarleikane i Seoul hausten 1988 gjorde Fogli unna sitt livs kjappaste maratonløp, tida 2.27.49 heldt til sjetteplass i tevlinga.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1982 i Aten: Sølvmedalje – 2.36.28, bakom Rosa Mota (2.36.03) VM 1983 i Helsinki: Nr 6 – 2.33.31 OL 1984 i Los Angeles: Nr 9 – 2.29.28 EM 1986 i Stuttgart: Sølvmedalje – 2.32.52, bakom Rosa Mota (2.28.38) OL 1988 i Seoul: Nr 6 – 2.27.49 VM 1991 i Tokyo: Braut maratonløpet EM 1994 i Helsinki: Braut maratonløpet VM 1997 i Aten: Nr 24 – 2.43.28
Kjelder World Athletics
Denne artikkelen bygger på «Laura Fogli» frå , den 2. juli 2019.
Kategori:Italienske langdistanseløparar Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988