Castlevania: Dawn of Sorrow er eit plattformspel utvikla og utgjeve av Konami. Det er det første spelet i Castlevania-serien på Nintendo DS og vart utgjeve i Japan, Nord-Amerika og Europa hausten 2005. Spelet er oppfølgjaren til Castlevania: Aria of Sorrow og byggjer vidare på handlinga til forgjengaren: Dracula er nedkjempa og kreftene hans er overtekne av reinkarnasjonen hans, Soma Cruz. Med hjelp frå allierte unngår Soma å verte ein ny mørk fyrste. Ein kult vert danna for å skape ein ny Dracula ved å ta livet til Soma, medan Soma og dei allierte handlar for å unngå eit slikt utfall.

Dawn of Sorrow innlemmar mange trekk frå tidlegare Castlevania-spel, som kombinasjonen av element frå plattformspel og rollespel, «Tactical Soul»-systemet frå Aria of Sorrow og ein mørk, gotisk atmosfære.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Datarollespel Kategori:Dataspel frå 2005 Kategori:Nintendo DS-spel Kategori:Metroidvania-spel