Freshly-Picked Tingle's Rosy Rupeeland er eit eventyrspel utvikla av Vanpool og utgjeve av Nintendo. Det vart utgjeve 2. september 2006 i Japan og eitt år seinare i Europa, den 14. september 2007. Spelet har den middelaldrande antihelten Tingle i hovudrolla, som har opphav frå spela i The Legend of Zelda-serien. For å greie spelet må Tingle samle inn kapital i form av rupees for å kunne kome inn i paradiset Rupeeland. Kapitalen samlar han inn gjennom å mellom anna utføre oppdrag, finne skattar og utforske katakombar.
Freshly-Picked Tingle's Rosy Rupeeland var ein kommersiell suksess i Japan, og selde 234 862 kopiar innan slutten av 2007.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell japansk nettstad
Kategori:Dataspel frå 2006 Kategori:Eventyrspel Kategori:Nintendo DS-spel