Tatjana Ivanovna Sjikolenko () er ein russisk tidlegare spydkastar frå Krasnodar som vann sølv i EM 1998, VM 1999 og VM 2003. Ho representerte etter tur Sovjetunionen, Kviterussland i 1992-95 og frå 1996 Russland. Natalja Sjikolenko er ei eldre syster.

Aktiv Tatjana Sjikolenko slo gjennom i 1993 då ho kom på fjerdeplass ved verdsmeisterskapen i Stuttgart, systera Natalja tok bronsemedaljen. Sjølv vann ho si fyrste internasjonale medalje ved europameisterskapen 1998 i Budapest, ein sølvmedalje. Året etter vann ho ein ny sølvmedalje, under VM 1999 i Sevilla kasta ho 66,37 m. Ho vart slått med 72 cm av Hellas Mirela Manjani og nådde 31 cm lengre enn norske Trine Hattestad.

Etter å ha vorte høvesvis nummer sju og nummer ni ved Sommar-OL i Sydney og Friidretts-VM 2001 i Edmonton, melde Sjikolenko seg på att i medaljestriden under europameisterskapen 2002 i München. Ho enda der opp på fjerdeplass, 26 cm unna bronsen. I sitt siste store meisterskap, VM 2003 i Paris, vann Sjikolenko sitt andre VM-sølv med eit lengstekast på 63,28 m, klart slått av verdsmeister Manjani.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1993 i Stuttgart: Nr 4 – 65,18 m VM 1997 i Aten: Nr 8 – 63,76 m EM 1998 i Budapest: Sølvmedalje – 66,92 m, bakom Tanja Damaske (69,10 m) VM 1999 i Sevilla: Sølvmedalje – 66,37 m, bakom Mirela Manjani (67,09 m) OL 2000 i Sydney: Nr 7 – 62,91 m VM 2001 i Edmonton: Nr 9 – 60,91 m EM 2002 i München: Nr 4 – 63,24 m VM 2003 i Paris: Sølvmedalje – 63,28 m, bakom Mirela Manjani (66,52 m)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tatjana Iwanowna Schikolenko» frå , den 1. juli 2019.

Denne artikkelen bygger på «Tatyana Shikolenko» frå , den 1. juli 2019.

World Athletics

Kategori:Russiske spydkastarar Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2000