mini|Griffel laga av skifer og ombunde med papir i enden. Griffelen på bildet er kjøpt i museumsbutikken i Steinach i Tyskland, eit senter for framstilling av griflar frå 1600- til 1960-talet. Griffel (gjennom tysk, frå gresk graphein, 'skrive') er ein avlang stift eller rissepinne til å skriva med på ei tavle av skifer eller voks.
Ofte blei griflar laga med griffelskifer, ein mjuk leirskifer som kan formast i avlange stykke og lett kan skavast av mot ei hardare skifertavle utan å merka henne permanent.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Griffel (skriveredskap)» frå , den 26. juni 2019.
Denne artikkelen bygger på «Griffel» frå , den 26. juni 2019.
Bakgrunnsstoff Det tyske skifermuseet i Steinach og det i Ludwigsstadt gjev opplysingar om griflar og tavler av skifer.
Kategori:Skrivereiskapar Kategori:Skifer