Jevgenij Ivanovitsj Maskinskov () var ein kappgjengar frå Sovjetunionen som i 1958 vart europameister på 50-kilometeren, to år etter han vann OL-sølv på same distansen.
Maskinskov sette sommaren 1956 personleg rekord med tida 4.08.57. Under dei olympiske leikane i Melbourne seint i november vann han sølvmedaljen på 4.32.57, frågått av overraskingsmannen Norman Read frå New Zealand med over to minuttar, men sjølv over to minuttar føre ein av favorittane, svenske John Ljunggren på bronseplass.
Ved europameisterskapen 1958 i Stockholm gjekk Maskinskov tidleg fram og danna ei lita tetgruppe. Allereie ved 20-kilometersmerket låg han åleine fremst, ei leiing han heldt til mål. Han vann tevlinga på 4.17.15, likevel ikkje meir 45 sekundar framom sølvmedaljør Abdon Pamich frå Italia.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jewgeni Iwanowitsch Maskinskow» frå , den 28. juni 2019.
World Athletics
Kategori:Russiske kappgjengarar Kategori:Sovjetiske kappgjengarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1956 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956