Racha-Lechkhumi og Kvemo Svaneti er ein region i Georgia. Administrasjonssenteret ligg i byen Ambrolauri.
Regionen ligg nordvest i Georgia og grensar til regionene Shida Kartli i søraust, Imereti i sør og til Samegrelo-Zemo Svaneti i vest. I nord har han riksgrense mot Russland. Austdelen av regionen er kontrollert av Sør-Ossetia.
Racha-Lechkhumi og Kvemo Svaneti omfattar dei tidlegare provinsane Racha, Lechkhumi og Kvemo Svaneti (Nedre Svaneti).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Racha-Lechkhumi og Kvemo Svaneti» frå , den 29. mai 2019.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Regionar i Georgia