thumb|Portalplankar frå stavkyrkja i Oldsaksamlinga i Oslo thumb|Nøyaktig kyrkjestad er ikkje identifisert, men kartmarkeringa hos Riksantikvaren er på denne staden. Bødalen stavkyrkje var ei stavkyrkje i Bødalen i Vestre Gausdal. Kyrkja skal ha vorte bygd på 1100-talet, utan at nøyaktig år er kjent.Ut frå portalplankane på Nordiska museet daterer ein gjerne kyrkja til fyrste halvdel av 1100-talet. Dette gjeld t.d. Skre (1988), som byggjer på Norske fornlevninger av N. Nicolaysen (1862/66), og Gausdalsminner 10, s. 51, medan Dietrichson (1892) og Sand (1988) synest å operere med ei noko seinare datering. Kyrkja skal ha stått ved garden Bø øvre (eller Øvre Bø)Gnr. 54 i Nykirke, jf. Gardar i Gausdal.. Frå tidleg av vart sokn og kyrkje kalla Jadradal («Bjár kirkja i Jöđrudali» eller Jødrudals kyrkje), eit namn som skal ha vore i bruk så seint som i 1575. Bødalsnamnet dukkar opp fyrste gong i 1449 som namnet på kyrkjestaden og ser ut til å ha fortrengt det gamle soknenamnet etter kvart.Sand (1988), s. 12.
Stavkyrkja vart avløyst av ei laftekyrkje i 1665.Diethrichson (1892, s.234) omtalar ikkje tømmerkyrkja frå 1665 og går i staden ut frå at stavkyrkja vart riven omkring 1784. Vestre Gausdal kyrkje (òg kalla Nykyrkja) vart oppført ved Forset og innvigd i 1784, og den lafta Bødalskyrkja frå 1665 vart trulig lagt ned om lag på denne tida. Men det ser ikkje ut til at kyrkja vart riven med ein gong. Ifølgje lokale tradisjonar skal ho ha vore i bruk mellom anna som forsamlingslokale ei hundre års tid etterpå.Gausdalsminner 10, s. 54. Det er ingen synlege spor etter kyrkja i dag, og den nøyaktige kyrkjestaden i mellomalderen er ikkje kjend.Dagfinn Skre (s. 59) klarte ikkje å fastslå mellomalderkyrkjestaden med sikkerheit i 1982.
Gjenstandar frå stavkyrkja Det er bevart to plankar frå ein portal som ein trur stammer frå denne stavkyrkja. Dei skal vere å finne i Nordiska museet i Stockholm.Bilete i Digitalt Museum. På den andre sida gjev ei oppføring i Universitetsmuseenes fotoportal inntrykk av at dei er i Oldsaksamlinga.
Midt på 1300-talet skal presten i kyrkja ha bytta ut det gamle romanske krusifikset (frå før 1200-talet) med eit gotisk krusifiks.Jubileumshefte (1984), s. 9 og 21. Det gotiske krusifikset skal vore skore på Hamar. Det er 134 cm høgt og vart kjøpt av Nordiska museet i 1881 og overført til Oldsamsamlinga i 1971.Muligens C33287 .
Ein madonnafigur med barn frå Balke-skolen (ca. 1300) er no i Vestre Gausdal kyrkje.Funne på kyrkjeloftet i 1909 og reparert og måla, ifølgje Gausdalsminner 10 (s. 54). Sidan vart overmålinga forsøkt fjerna ved ei oppussing i Maihaugen sin verkstad i 1983, men dette vart for kostbart, og statuen vart berre delvis avdekka. I 2000 vart det gjort eit nytt forsøk, men det viste seg vanskeleg å gjennomføre dette utan å skade statuen. Han vart så restaurert og fekk delvis ny måling. Det same er ein biskopfigur frå Balke-skolen (ca. 1350).Reparasjonshistorie om lag som for madonnaen. Iflg. jubileumsheftet er bispestaven ein rekonstruksjon.
Fotnotar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bødalen stavkirke» frå , den 29. mai 2019.
Bakgrunnsstoff Brendalsmo, Jan: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Oppland (Riksantikvaren, 2016), s. 66
Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Kyrkjer i Gausdal Kategori:Kulturminne i Gausdal Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg