Axel Otto Normann () var ein norsk journalist, redaktør, teaterkritikar og teatersjef. Han var to gongar sjef ved Nationaltheatret.

Normann kom frå ein borgarleg familie. Han tok artium i 1901, og byrja å studera utan å fullføra høgare utdanning. Han studerte ved Sorbonne i 1904, arbeidde i dagbladet Posten 1905-1907, i Aftenposten 1907-1915 og som redaktør i Verdens Gang 1915-22. I perioden 1922-29 budde han i Paris, der han livnærde seg som korrespondent og omsetjar. Han omsette blant anna Alexandra Rachmanova sine dagbøker frå den russiske revolusjonen.

Han vart i 1929 tilsett som teaterkritikar i Arbeiderbladet, og målbar der krav om eit meir ambisiøst program for Nationaltheatret så tydeleg at han i 1935 vart tilsett som sjef ved teateret. Han tok avskjed under krigen i 1941, men vart gjeninnsett i stillinga 1945-46. Frå 1947 til sin død i 1962 var han sjef for Det Nye Teater, som i hans tid skifta namn til Oslo Nye Teater.

Normann var medstiftar av Norsk Teater- og Kunstkritikerforbund i 1927, var formann i Norsk Teaterlederforening 1936-41 og hadde fleire andre liknande verv.

Han vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1951, og var òg riddar av Dannebrogordenen, Vasaordenen, Finlands Lejons orden, den belgiske Leopoldsordenen og offiser av Æreslegionen. Han vart utnemnd til statsstipendiat i 1955.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Axel Otto Normann» frå , den 18. mai 2019.

Litteratur

Arne Christiansen. «Axel Otto Normann». I: Norsk biografisk leksikon, 2. utg.

Bakgrunnsstoff

«Axel Otto Normann» i Norsk biografisk leksikon

Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund Kategori:Folk frå Fredrikstad Kategori:Æreslegionen Kategori:Finlands løves orden Kategori:Vasaordenen Kategori:Dannebrogordenen Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Statsstipendiatar Kategori:Journalistar i Aftenposten Kategori:Norske teatersjefar