`

Sepikspråka er ein språkfamilie beståande av rundt 50 papuaspråk som blir snakka i Sepik-elvedalen i det nordlege Papua Ny-Guinea. Familien vart etablert av Donald Laycock i 1965. Sepikspråka har ein enkel fonologisk struktur, med få konsonantar og vokalar, og som regel ingen tonar.

Det mest kjende sepikspråket er Iatmül. Språka med flest talarar er abelam og boiken, med omtrent 35 000 talarar kvar.

Sepikspråka har. tilliks med Ramu-språka attmed dei, trevokalsystem, som berre skil mellom tre ulike vokalhøgder. Fonetiske lydverdiar [i e o u] er resultat av palaltal og labial assimilering til konsonantar før eller etter. Foley 1986 har gjort framlegg om at ndu-språka er i ferd med å redusere dette til eit tovokalsystem, der er redusert til å vere ein epenthetisk vokal (Foley 1986).

Klassifisering Sepikspråka består av to av greinene i Laycocks framlegg til ein Sepik–Ramu-språkfamilie, nemleg sepikgreina og ei gruppe språk Leonhard Schultze har gjort framlegg om at skulle haldas saman.

I slektstreet nedanfor er dei små gruppene nederst i kvar grein heilt klårt gyldige. Dei høgare nodane (øvre sepik og mellomsepik, og Sepik Hills) er mindre sikre; Foley (2005) går t.d. berre inn for dei to siste greinene.

Pronomen Ross rekonstruerer følgjande pronomen for proto-sepik:Ross (2005)

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Sepik languages» frå , den 18. mai 2019.

Litteratur

Kategori:Språkfamiliar Kategori:Sider utan gjennomgåtte omsetjingar