Thomas Daniel Conway (), kjend som Tim Conway, var ein amerikansk komikar og skodespelar som særleg var kjend frå tv-programmet The Carol Burnett Show. Han vann fire emmyprisar som skodespelar og skribent for The Carol Burnett Show, og vann også prisar for roller i andre komiske tv-program som Coach og 30 Rock. På 1980-talet spelte han sin eigen karakter, Derk Dorf, i ein serie filmar.

Conway vart fødd i Willoughby i Ohio. Han gav ut What's So Funny?: My Hilarious Life i 2013. Boka nådde The New York Times si bestsellerliste den fyrste veka ho var i sal.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad for Tim Conway

Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:USA-amerikanske komikarar Kategori:Folk frå Ohio Kategori:Hollywood Walk of Fame