thumb|Bokstaven Ž Ž og ž (Z med hake) er ein bokstav brukt i fleire språk, ofte for å representere stemt postalveolar frikativ ([ʒ]), det stemte tilsvaret til sj-lyden.
I datasystemar er teikna, Ž and ž på Unicode-kodepunkt U+017D og U+017E, høvesvis. På Windows-datamaskinar kan ein skrive Alt+0142 (Ž) eller Alt+0158 (ž) for å få fram teikna.
Ž er den siste bokstaven i dei fleste alfabeta som inneheld han, unnateke mellom anna estisk og turkmensk.
Opphav Symbolet vart opphavleg nytta i 1600-talets tsjekkiske alfabet etter reformane hans Jan Hus. Det vart òg brukt i det nærskylde slovakiske språket. Ljudevit Gaj tok bokstaven inn i det kroatiske alfabetet frå tsjekkisk i 1830. Deretter vart han innført i dei slovakiske, slovenske, serbiske og bosniske alfabeta. Seinare vart bokstaven òg brukt i alfabeta til dei baltiske, nokre uralske og andre språk.
Bruken
Uralske språk Ž er den 19. bokstaven i det nordsamiske alfabetet og står for lyden . Han er den 20. bokstaven i det estiske alfabetet, der han er brukt i lånord. Bokstaven er òg brukt sporadisk i finsk, men er berre rekna som ein variant av z, ikkje ein eigen bokstav. Bruken er avgrensa til lånord og romanisering av mellom anna russisk og andre ikkje-latinske alfabet. Det er mogleg å erstatte ž med zh i estisk og finsk viss det er teknisk umogleg å bruke ž.Finnish orthography and the characters š and ž
Slaviske språk Ž er den 42. bokstaven i det tsjekkiske alfabetet, den 46. i det slovakiske, den 25. i den slovenske, det 27. i det sorbiske og den 30. i dei kroatiske og bosniske alfabeta. I dei latinske versjonane av serbisk, montenegrinsk og makedonsk er han òg den 30. bokstaven, og han vert brukt i det kviterussiske latinske alfabetet.
Berre sjeldan vert han brukt i latinske versjonar av russisk, ukrainsk, kviterussisk og bulgarsk.
I dei fleste av desse språka representerer ž ein stemt postalveolar frikativ utanom i transliterasjon av kyrillisk Ж i russisk. Der representerer han ein stemt retrofleks frikativ .
Baltiske språk Ž er den 32. bokstaven i det litauiske alfabetet og den 33. i det latviske.
Andre språk Ž er: Den 13. bokstaven i det turkmenske alfabetet, uttala . Den 33. bokstavet i det laziske alfabetet, uttala . Den 27. og siste bokstaven i det songhaiske alfabetet. Brukt i romanisering av persisk, for ژ. Brukt i standardortografien for lakota. Uoffisielt brukt i kyprosgresk, for lyden som ikkje er ein lyd i standard moderne gresk. Nokre gongar brukt i det gammalsyriske alfabetet, for å representere lyden i iranske lånord. Dog er digrafen «zh» vanlegare.
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Ž» frå , den 15. mai 2019. oppgav desse kjeldene:
Z 04.5