Everything Playing er eit studioalbum av The Lovin' Spoonful, gjeve ut i 1967.
Historie Everything Playing var det første albumet til gruppa med gitaristen Jerry Yester (som erstatta Zal Yanovsky), og det siste kommersielle albumet deira som kvartett. Frontmannen John Sebastian forlet gruppa i juni 1968 for å skipe ein solokarriere. Dette albumet er det einaste med ein song sungen av bassisten Steve Boone på solovokal: «Priscilla Millionaira».
Tre av songane nådde topp 40 på singellista i USA: «Six O'Clock», «She Is Still a Mystery» og «Money». John Sebastian song «Younger Generation» på Woodstockfestivalen, og dediserte han til ei kvinne som hadde fått eit barn under festivalen.Fornatale, Pete. Back to the Garden: The Story of Woodstock. Touchstone, 2009, p. 51–52. .
Everything Playing kom ut på CD att i 2003 med tre bonusspor med alternative versjonar av songar frå albumet.
Mottaking
I meldinga si for Allmusic skreiv William Ruhlman «Då Sebastian ikkje var føre mikrofonen, kan synginga vere middels, og gruppa var ofte over heile kartet i forsøk på å skape sofistikert musikk, men plata var redda av songane og synging av Sebastian.»
Innhald
Medverkande John Sebastian – vokal, gitar, plateomslag Steve Boone – bass, vokal Joe Butler – trommer, perkusjon, vokal Jerry Yester – gitar, banjo, vokal, klaverinstrument
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Everything Playing» frå , den 23. mars 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Lovin' Spoonful-album Kategori:Musikkalbum frå 1967 Kategori:Kama Sutra Records-album Kategori:Album produserte av Joe Wissert