Jerome Alan «Jerry» Yester () er ein amerikansk folkrockmusikar, plateprodusent og arrangør.

Yester vart først med i The New Christy Minstrels tidleg i 1960-åra og i 1963 i Modern Folk Quartet, som gav ut to album dei neste to åra. Yester var òg studiomusikar og spelte mellom anna piano på The Lovin' Spoonful-songen «Do You Believe in Magic» i 1965. MFQ vart oppløyst i 1966 og Yester byrja for seg sjølv. I 1967 erstatta han Zal Yanovsky i The Lovin’ Spoonful, som han seinare arbeidde med om produsent, men i 1968 vart Spoonful oppløyst for dei neste 23 åra. Yester var så med å skipe bandet Rosebud, men dette vart oppløyst i 1971.

Yester arbeidde òg som produsent og arrangør, mellom anna på album av The Turtles, Pat Boone, Aztec Two Step og Tom Waits. Sidan har han delteke i sameinte utgåver av MFQ og Lovin' Spoonful, men fekk sparken då han vart arrestert og dømd for oppbevaring av barnepornografi i 2017.http://www.tmz.com/2017/10/07/lovin-spoonful-member-jerry-yester-arrested-child-porn/

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jerry Yester» frå , den 23. mars 2019. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Jerry Yester på LovinSpoonful.com

Kategori:USA-amerikanske folkemusikarar Kategori:USA-amerikanske multiinstrumentalistar Kategori:USA-amerikanske plateprodusentar Kategori:Musikarar frå Birmingham i Alabama Kategori:The Lovin' Spoonful-medlemmar Kategori:Sologitaristar Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:USA-amerikanske folkegitaristar Kategori:USA-amerikanske visesongarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske gitaristar