Arve Sverre Moen () var ein norsk journalist, forfattar og politikar frå Åsnes i Hedmark.

Moen vart utdanna cand.jur. i 1936. Han gjekk også teikneskule og studerte kunsthistorie. Frå 1945 til -49 var han litteratur- og filmmedarbeidar i Arbeiderbladet, kulturredaktør i avisa frå 1953.

I 1945 debuterte Moen med ei novellesamlinga Storm i vannglass. Mykje meir merksemd fekk romanen Døden er et kjærtegn, som kom ut i 1948 og året etter vart filmatisert av Edith Carlmar. Åra 1956-58 gav Moen ut eit trebands kunsthistorisk verk om målaren Edvard Munch. Seinare kom han mellom anna ut med barneboka Nødlanding i Svartfjellet (1958), og i 1966 med reiseskildringa Du store verden så liten.

Moen var formann 1954–64 i det litterære rådet til Den norske Forfatterforening. I tolv år, 1960–71, var han bystyremedlem i Oslo for Arbeidarpartiet.

Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958 Store norske leksikon

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske journalistar Kategori:Folk frå Åsnes