«The Loner» er ein song av Neil Young som vart gjeven ut som den første solosingelen hans. Songen kom ut på det første soloalbumet hans i november 1968 og så i ei redigert utgåve som debutsingelen hans tre månader seinare på Reprise Records. Han gjekk aldri inn på Billboard Hot 100-lista, men har over tid vorte ein av dei meir kjende songane hans og mykje spelt på konsertane. Både denne og «Sugar Mountain», som var B-sida i eit konsertopptak frå Canterbury House i Ann Arbor, kom ut på samlealbumet Decade i 1977.

Historie «The Loner» vart skriven medan Buffalo Springfield song på siste verset. Ein trur at songen vart skriven om Stephen Stills (som sjølv spelte inn songen i 1976 på albumet hans Illegal Stills).

Songen vart spelt inn med det tidlegare Springfield-medlemmen Jim Messina (bass) og George Grantham (trommer) (dei var ikkje nemnde på plateomslaget), og var den første songen til Young som vart produsert av David Briggs, som Young samarbeidde med fram til Briggs døydde i 1995. Strykarane vart arrangerte av David Blumberg, som Young møtte via Briggs. Young sin gitar er i dobbel dropp-D-stemming; «psyko gitarstøy» vart i følgje Briggs laga ved å spele gitaren gjennom ein Leslie-høgtalar. Teksten er prega av redsel og desorientering og vert sungen frå synspunktet til ein «urørleg hovudperson» som «er vitne til merkverdige visuelle syn».

Songen vart raskt rosa, til dømes i albummeldinga i Rolling Stone: «'The Loner' er ein moderne sørgjesong som har ei fin blanding av gitaren til Neil og strykarar på ein ikkje-påtrengande måte, som let den balanserte ishakkevokalen til Young hakke laus på lyttaren.» Songen vert framleis spelt på konsertane til Young. Stephen Stills har òg spelt songen på scenen både med og utan Young.

Andre versjonar «The Loner» er blitt spelt av andre artistar:

Three Dog Night på debutalbumet deira (1968) Richie Havens på Mixed Bag II (1974) Stephen Stills på Illegal Stills (1976) Henry Kaiser på Heart's Desire (1990) Nils Lofgren å hyllestalbumet The Loner - Nils Sings Neil (2008) Boxer i 1979 på albumet deira Bloodletting Ty Segall på coveralbumet Fudge Sandwich i 2018

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Loner (song)» frå , den 2. februar 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1968 Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Neil Young-songar Kategori:Reprise Records-singlar Kategori:Songar produserte av David Briggs Kategori:Songar skrivne av Neil Young Kategori:Songar produserte av Neil Young Kategori:Three Dog Night-songar Kategori:Stephen Stills-songar Kategori:Richie Havens-songar