Joel Bernstein () er ein USA-amerikansk fotograf, gitarist og plateprodusent. Fotografia hans har vore på ei rekkje plateomslag, som After the Gold Rush, 4 Way Street, Rita Coolidge, Wind on the Water, Running on Empty, CSN, Bob Dylan at Budokan, Rust Never Sleeps, Shadows and Light og Hard Promises. Fotografia hans er blitt publiserte i Time, The New York Times og Rolling Stone, blant fleire, og bileta hans har vore utstilte i New York City, San Francisco, Los Angeles og London. Som gitarist er han mest kjend for å ha spelt med venene sine David Crosby og Graham Nash, både kvar for seg og på Crosby & Nash-platene deira. Han var òg produsent og arkivar med Nash for Crosby, Stills, Nash & Young.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Joel Bernstein» frå , den 15. januar 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:USA-amerikanske fotografar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:Musikarar frå California