Stephen Stills 2 er det andre soloalbumet til Stephen Stills, gjeve ut på Atlantic Records i 1971. Det nådde åttandeplassen på Billboard 200 og selde til gullplate i USA.Billboard Chart History Stephen Stills henta 15. januar 2019.RIAA Gold and Platinum henta 15. januar 2019. Det vart gjeve ut to singlar frå albumet, som begge akkurat ikkje klarte å gå inn på topp 40 på Billboard Hot 100-lista: «Change Partners» nådde 43. plassen og «Marianne» 42. plassen.Billboard Chart History Stephen Stills henta 15. januar 2019.

Innhald Stills hadde alt framført «Bluebird Revisited» på turné med Crosby, Stills, Nash, & Young i 1969. Stills drog ut på The Memphis Horns-turneen sommaren 1971 for å marknadsføre albumet med medlemmar frå The Memphis Horns i lag med CSNY-bassisten Calvin Samuels og CSNY-trommeslagaren Dallas Taylor. Seinare spelte han inn to av songane på albumet på ny: «Singin' Call» i 1991 på albumet Stills Alone og «Word Game» i 2013 for eit album med blues-supergruppa The Rides.

Mottaking

John Mendelsohn frå Rolling Stone skildra Stills som «ein solid annanrangs artist som så mange lågare gjennomsnittsmenneske insisterer på er førsteklasses.» Han skildra vidare musikken hans etter Buffalo Springfield som «femtegrads nytingssjuk». Om Stephen Stills 2 skreiv han «tekstane på Stills 2 er trivielle, kvalmt innbilske og rett og slett støytande om ein annan. Musikken er heilt klar matt og karakterlaus, og produksjonen av heile greia er så langt frå å ikkje vere tapt bak ei vogn at ein må kjempe hardt for å få eit inntrykk av framføringa.»

Innhald

Medverkande Stephen Stills — vokal, gitar, klaverinstrument, bass Nils Lofgren — gitar, klaverinstrument, korvokal Eric Clapton — elektrisk gitar på «Fishes and Scorpions» Paul Harris, Billy Preston, Mac Rebennack — klaverinstrument Calvin «Fuzzy» Samuels — bass Conrad Isidore, Dallas Taylor — trommer Gasper Lawal, Rocky Dijon — congatrommer David Crosby, Henry Diltz, Fred Neil som «Fearless Freddy» — korvokal Jerry Garcia — pedalsteelgitar på «Change Partners» (ikkje oppført) med The Memphis Horns Roger Hopps, Wayne Jackson — trompet Jack Helm — trombone Sidney George, Ed Logan, Andrew Love — tenorsaksofon James Mitchell, Floyd Newman — barytonsaksofon

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Stephen Stills 2» frå , den 15. januar 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Stephen Stills-album Kategori:Atlantic Records-album