Dennis Gerrard Stephen Doherty () var ein kanadisk songar, låtskrivar, musikar og skodespelar. Han var mest kjend som opphavleg medlem i 60-talsgruppa The Mamas & the Papas.

Karriere Denny Doherty vart fødd i Halifax i Nova Scotia som den yngste av fem barn. Han voks opp i ein strengt katolsk heim nord i Halifax. Faren var hamnearbeidar og mora var heime.

Doherty og tre vener, Richard Sheehan, Eddie Thibodeau og Mike O'Connell, byrja den musikalske karrieren sin i 1956 i eit band kalla The Hepsters. To år seinare var dei oppløyst. I 1960, framleis i Halifax, skipa Doherty, som då var 19, Pat LaCroix og Richard Byrne, ei visegruppa kalla The Colonials.

Columbia Records signerte gruppa fleire månader seinare då dei hadde endra namn til The Halifax III. Bandet spelte inn to plater og fekk ein mindre hit, «The Man Who Wouldn't Sing Along With Mitch», men vart oppløyst i 1963.

I 1963 vart Doherty vener med Cass Elliot då ho var med eit band kalla The Big 3. Medan han var på turné med The Halifax III, møtte Doherty John Phillips og kona, modellen Michelle Gilliam.

Nokre månader seinare var The Halifax III oppløyst og Doherty og venen Zal Yanovsky var blakke attende i Hollywood. Elliot overtydde manageren hennar om å hyre dei. Doherty og Yanovsy vart med i The Big 3. Kort tid etter tok dei inn fleire bandmedlemmar og endra namn til The Mugwumps, som etter kort tid vart oppløyst på grunn av pengemangel. Yanovsky skipa så The Lovin' Spoonful i lag med John Sebastian.

På denne tida trong det nye bandet til Phillips, The New Journeymen, ein erstattar for tenoren Marshall Brickman, som hadde slutta i gruppa for å skrive manus for fjernsyn. Doherty, som då var utan jobb, tok over. Etter at The New Journeymen vart oppløyst tidleg i 1965, vart Elliot invitert med til å danne eit nytt band, som vart kalla The Magic Cyrcle. Seks månader seinare, i september 1965, fekk gruppa kontrakt med Dunhill Records. Dei endra namn til The Mamas & the Papas og spelte etter kort tid inn debutalbumet If You Can Believe Your Eyes and Ears. The Mamas & the Papas-songen «Creeque Alley» omhandlar i korte drag denne soga.

Seint i 1965 utvikla Doherty og Michelle Phillips eit kjærleiksforhold. Dei klarte å halde det skjult den første suksesstida til bandet. Då forholdet vart oppdaga flytta John og Michelle til sin eigen bustad (dei hadde delt hus med Doherty) og bandet fortsette å spele i lag dei neste åra før dei vart oppløyst.

Doherty gav ut eit par soloplater og singlar tidleg i 1970-åra, som Watcha Gonna Do? frå 1971 og Waiting for a Song frå 1974. Både Michelle Phillips og Cass Elliot song korvokal. Desse innspelinga vart dei siste til Elliot, som døydde av hjarteinfarkt i 1974.

I 1982 vart han med i eit attforeint The Mamas & the Papas med John og dottera Mackenzie Phillips, og Elaine «Spanky» McFarlane, som turnerte og framførte dei gamle songane og nokre nye skrivne av Philips. Doherty produserte seinare eit off-Broadway-show kalla Dream a Little Dream, som fortalte soga om The Mamas & the Papas frå hans perspektiv.

I 1993 spelte han rolla som hamnemeisteren og stemma til andre karakterar i Theodore Tugboat.

I 1999 spelte han òg Charley McGinnis i 22 episodar av TV-serien Pit Pony.

Ein av dei siste rollene hans var i den kanadiske TV-serien Trailer Park Boys. Filminga var ferdig berre kort tid før han døydde i 2007.

Diskografi SingelÅrAdult Contemporary-listaTo Claudia on Thursday / Tuesday Morning1971 -Watcha Gonna Do / Gathering The Words1971 -Indian Girl / Baby Catch The Moon1973 -My Song / Indian Girl1973 -You'll Never Know / Good Night and Good Morning1974#13Simone / Simone1976 - «-» indikerer at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista Album ÅrWatcha Gonna Do?1971Waiting for a Song1974

Film- og TV År Tittel Rolle Merknad 1984 Windows Billy Cooper 1992 Hurt Penguins Bilbo RobertsOh, What a Night Harold 1993–2001 Theodore Tugboat Harbourmaster, forteljar, Theodore, Hank, George, Emily, Foduck, The Dispatcher, forskjellige andre stemmer Stemmeskodespel 1997 Elvis Meets Nixon Vernon Pit Pony Charley McGinnis 1998 The Real Howard Spitz Balthazar Mishkin 1999–2000 Pit Pony Charley McGinnis 2001 Prince Charming Jeweller 2004 25 Years of Skinnamarink Denny 2005 This Is Wonderland Sesong 3, episode 4 2007 Trailer Park Boys Ryan Shockneck Sesong 7, episode 10

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Denny Doherty» frå , den 9. januar 2019. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Kanadiske folkrockmusikarar Kategori:Canadian Music Hall of Fame Kategori:Kanadiske popsongarar Kategori:Døde av nyresvikt Kategori:Folk frå Halifax i Nova Scotia Kategori:Rock and Roll Hall of Fame Kategori:The Mamas & the Papas-medlemmar