mini|Tyske styresmakter sette i gang utbygging av rullebanen på Værnes allereie i april 1940. Norske arbeidarar hjelpte soleies tyskarane med å byggje ut krigsviktig infrastruktur medan felttoget i Noreg framleiss gjekk føre seg.
Brakkebaron var eit folkeleg omgrep på norske forretningsfolk som stod for bygging av anlegg for den tyske okkupasjonsmakta under andre verdskrigen.
Etter angrepet på Norge i 1940 var det i fleire år gode tider i bygge- og anleggsbransjen og trelastindustrien, og i perioden 1940-42 vart omsetninga i desse bransjene fordobla. Òg luftfart-, jarnbane- og vegnett vart bygd ut på oppdrag frå tyske militære styresmakter, og mellom og nordmenn arbeidde for «brakkebaronane». Oppsvinget i desse bransjane var faktisk den viktigste grunnen til at den store arbeidsløysa frå 1920- og 1930-talet forsvann.
I landssvikoppgjeret etter krigen vart omlag nordmenn etterforska for økonomisk landssvik, og omlag 20 % vart straffa. Dette var eit lågt tal sammenlikna med dei som vart straffa for ideologisk landssvik (medlemskap i NS og liknande), og brakkebaronane blei stort sett relativt mildt behandla i rettsvesenet. Totalt vart 3 355 personar straffa som krigsprofitørar, av desse fekk 777 fengselsstraff eller tvangsarbeid, mens omtrent to tredelar slapp unna med bøter.
Kjelder Denne artikkelen er basert på Brakkebaroner frå Wikipedia på bokmål, versjonen frå 3. juli 2017
Bakgrunnsstoff Brakkebaron i Store norske leksikon
Kategori:Noreg under andre verdskrigen