Marcello Malpighi () var ein italiensk lækjar og naturforskar, professor i medisin i Bologna, Pisa og Messina. I sine siste leveår var han livlækjar for pave Innocens XII i Roma.

Malpighi skapte den mikroskopiske anatomien. Han studerte oppbygginga av dei aller fleste organa i menneskekroppen, undersøkte korleis ein kylling utvikla seg i egget, den indre oppbygginga av silkeormen og talrike andre dyr og plantar.

Størst rolle i vitskapen spelte hans påvising av kapillærane, noko som sluttførte William Harvey si lære om blodsirkulasjonen. Dette funnet vart offentleg kjent gjennom skriftet De pulmonibus observationes, utgitt i 1661. Seinare publiserte han ei rad skildringar av den mikroskopiske strukturen til indre organ. Anatomia plantarum frå 1675–79 er eit grunnleggjande verk om plantene si oppbygging.

Kjelder Marcello Malpighi i Store norske leksikon

Kategori:Italienske vitskapsfolk