Auguste Ferdinand-François Mariette () var ein fransk egyptolog frå Boulogne-sur-Mer.
Mariette leidde frå 1850 utgravingane ved Memfis, Abydos og Edfu i Egypt. I 1851 fann han det omfattande gravanlegget over Apis-oksane. Sidan 1858 var han leiar for det arkeologiske arbeidet som egyptiske styresmakter sjølv stod bak.
Samlinga av dei funnsakene som Mariette gjorde, dannar grunnlaget for det store al-Antikhane-museet i Kairo. Mariette skreiv tekstutkastet til Giuseppe Verdi sin opera Aïda, eit verk som vart uroppført i Kairo i 1871.
Mariette døydde i Kairo, nær 60 år gammal.
Kjelder Store norske leksikon
Kategori:Franske vitskapsfolk Kategori:Egyptologi